Raust frå Stranda til TV-aksjonen

I Sunnylven var det Hellesylt UL som stilte med bøsseberarar. Her er Liv Norunn Langeland Runde koma i sparebanken med si bøsse frå rode Ljøen/Hellesylt sentrum. Rita Rudning Røyrhus og Annvor Tryggestad frå sparebanken talde rekordbeløp frå Sunnylven i år. Og samla for kommunen vart det eit resultat ordførar Jan Ove Tryggestad t.h. er stolt av.

Det var rausheit som prega TV-innsamlinga for Kirkens Bymisjon i Stranda kommune. Store beløp kom inn frå bøsseberarane i alle bygdelaga og totalt enda det på 119.467.-

Beløpet er av det betre i Stranda kommune ved TV-innsamlingane. Ser vi på bygdelaga var beløpa slik frå bøsseberarar (For 2017 ):

Stranda: 70.023 (73.115.-)

Liabygda: 8.275.- (8.144.-)

Geiranger: 9.719.- (9.725.-)

Sunnylven: 31.450.- (21.301.-)

I beløpa er ikkje med Stranda kommune sitt beløp på 10.000.-, kollekt i kyrkjer, vaflesal/svelesal, og beløp på vipps. I fjor kom det inn rundt 70.000.- kroner i tillegg til innsamla med bøsser.

I kommunekomiteen for årets innsamlingsaksjon har vore ordførar Jan Ove Tryggestad som leiar og med seg har han hatt varaordførar Arild Ringdal og Aud Tomasgard Berstad frå Frivilligsentralen.

-Det er Aud Tomasgard Berstad som har vore den berande krafta i arbeidet med årets TV-aksjon. Ho har gjort ein fantastisk jobb, mellom anna med å organiser med bøsseberarar i alle bygdelaga. Her markerer Sunnylven seg og stiller viljug opp med bøsseberarar år etter år. Men mange fortener ros for det gode resultatet frå Stranda kommune, seier Jan Ove Tryggestad.’

-I år valde vi å ikkje ha kulturkonserten til inntekt for TV-aksjonen. Vi var komne rundt med konsert i alle bygdelaga, men om vi kjem igjen neste år er ikkje bestemt. Det er mykje arbeid med ein slik konsert, avsluttar ein ordførar som er strålande fornøgd med resultat og givarglede.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380