Selde vaflar for TV-innsamlinga.

Mellomsteget og lærarane Marthe Kalvatn til venstre og Marte Hjellbakk Hole heilt til høgre jubla for eit godt resultat til eit godt formål fredag.

Elevane ved mellomsteget ved Sunnylven skule selde vaflar på bedrifter og i Hellesylt sentrum fredag. Salet gav 3.061.- kroner som i si heilheit skulle gå til årets TV-innsamling for Kirkens bymisjon.

To dagar før den store innsamlingsdagen på søndag var elevane frå 5. 6. og 7. klasse ved Sunnylven skule både bakarar og handelsmenn. Saman med sine lærarar slo dei eit slag for årets TV-innsamling med sal av vaflar i nærområdet til skulen. Både vaffelglade sunnylvingar og andre støtta godt opp om tiltaket som etter oppteljing viste den flotte summen av 3.061.- kroner.

Kor mange liter vaffelrøre som vart laga på skulekjøkkenet fredag, visste ingen. Men eit grovt overslag antyda at det til saman vart produsert 120 vafflar. Prisen var sett til 20.- kroner pr. vaffel og då kunne kjøparare setje smakssansane i ekstra go`lage med å fylle på med elevane sin eigenproduserte blåbærsylte, eller jordbær/bringebærsylte og rømme. Ingen klaga på prisen, men mange betalte både 50.- og hundre.- kroner for ei vaffel, fekk vi oss fortalt. Gode var dei og pengane gjekk til eit godt formål.

Johannes, Kristin og Tonje fekk fleire kjøparar av vafflar også i gata på Hellesylt.

På Hellesylt tok elevane turen innom Formvac, Ole Ringdal AS, Banken, Rekneskapskontoret, Sunnylven omsorgssenter, dei to butikkane, og i tillegg litt handel i gata.

«Mindre alene sammen» er mottoet for årets TV-innsamling som er søndag 21. oktober. I Sunnylven er det medlemer frå Hellesylt Ungdomslag som kjem rundt med innsamlingsbøsser frå ca. kl. 15.00. Ta vel imot dei og bidra til eit godt resultat slik elevane ved Sunnylven skule har gjort.

På tur til Hellesylt sin største arbeidsplass var mange fat vaflar med.

og etter ein liten halvtime returnerte elevane til skulen med tomme fat.

120 vaflar vart steikte på skulekjøkkenet og alt vart selt ut.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380