Senior herrer møter Herd 3.

I kveld spelar senior herrer sin siste kamp denne sesongen. På Hellesylt stadion møter det Herd 3 kl. 18.30. (Foto: Bilete frå arkivet)

 

I kveld, tysdag 16. oktober kl. 18.30 spelar Sunnylven sitt senior 7-ar lag årets siste kamp. Oppgjøret mot Herd 3 går på Hellesylt stadion.

Haustsesongen for Sunnylven 7-ar senior har enda med både tap og sigrar. Valldal vann på Hellesylt stadion 4-3, vann gjorde også Emblem 6-3, men mot HaNo vart det siger 5-3 og revansj for det knusande vår-tapet.

Stranda var best på Stranda stadion med 4-0, men borte mot Norborg vart det tre nye poeng til Sunnylven etter siger 9-4.

I kveld kjem Herd 3 med same poengsum som Sunnylven (18) på besøk til Hellesylt stadion. Det er årets siste kamp for Sunnylven som kjempar om alt frå andre til femte plass på tabellen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380