Siger og bronseplass til G13-laget

I siste kamp denne sesongen spela Sunnylven G13 9-ar mot Ørsta og vann 5-4.

Ørsta måtte reise heim med tap frå Hellesylt stadion tysdag. Sunnylven G13 vann det spanande oppgjøret 5-4. (3-3)

Ein lang fotballsesong for Sunnylven IL sine lag vart avslutta tysdag 30. oktober. Denne kvelden på ei kald, men god kunstgrasmatte braka G13-laga til Sunnylven og Ørsta saman om ære og poeng. For Sunnylven var siger det same som tredje plass på sluttabellen i haustsesongen, ein serie som inneheld store klubbar som Stranda, Langevåg, Skodje og nettopp Ørsta.

Kampen starta med skåring tidleg til Ørsta, men det nye «storlaget» til Sunnylven gjev aldri opp ein kamp. Snart stod det 1-1 etter eit flott frispark, og like etter auka leiinga til 2-1. Så var det Ørsta sin tur før Sunnylven banka inn sitt tredje. Og før domaren bles til pause stod det 3-3. Det var eit jamt og spanande og målrikt oppgjør eit 20-talls publikum fekk oppleve.

Avgjer i siste minutt

Det gjekk mykje av andre omgang før det kom ny skåring, og ny leiing til heimelaget. Men Ørsta ville også ha med seg noko heim denne kalde oktoberkvelden og banka inn 4-4, utakbart for ein elles god Isak i Sunnylven sitt mål.

Deretter stod kampen å bikka, men eitt minutt før full tid sette kjappe Thomas inn vinnarmålet med ein elegant lobb over keeper. Det kveikte jubel hos heimepublikum.

Sigeren mot Ørsta kom etter stor innsats frå heile laget, for motstandaren i kvitt og svart var også eit godt lag, men som reiste heim litt skuffa vil vi tru.

Domar Odd Even Svindseth, FK Sykkylven hadde som vanleg full kontroll og dømde godt.

Sunnylven G13 med Jørgen Helset som trenar enda på tredje plass med 17 poeng. Vinnarlaget vart Stranda med 21 poeng, og Skodje kom på andre med 19 poeng.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380