Notiser

Snart Basarlaurdag

Komande laurdag, 20. oktober inviterer Sunnylven sanitetslag til basar med utlodding og sal av betasuppe, kaffi og kaker på Sunnylven samfunnshus.

Mellom mange arrangement denne hausten er den tradisjonelle Basarlaurdagen til Sunnylven sanitetslag. Og frå Sunnylven samfunnshus er sjansen stor for å få med heim både ein og fleire gevinstar og ein handlar snurrelodd, for i tillegg til ein gensar, eit pledd og ein juleduk har laget hundre små og store gevinstar å by fram. Sanitetsdamene opplyser at dei tek gjerne i mot om nokon ønskjer å støtte med ein gevinst.

Under Basarlaurdagen blir det også sal av velsmakande betasuppe, kaffi og kaker. Basaren startar kl. 12.30 og varer i tre timar til kl. 15.30.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380