Lokalnytt

Spelemannstova på Nyheim

Våningshuset på garden Nyheim der spelemann Ola og kona Pernille budde er framleis i bra stand, men ver og vind har sett sine merke.

På den vesle garden Nyheim på Kjellstad budde den vidgjetne spelemannen Ola J. Kjellstad. Her står eit kulturminne i Sunnylven.

Ein av dei store spelemenn i Sunnylven, Ola J. Kjellstad budde på Nyheim på Kjellstad. Han var ein produktiv slåttekomponist og ein etterspurd spelemann på fele.

Fokhaugen på Kjellstad vart i 1887 fråskild frå Framigard på Kjellstad og fekk namnet Nyheim. Her busette Ola og kona Pernille Marie Nygard frå Hornindal, og dei fekk seks born. Ola var komponist og folkemusikar og var vidgjeten for sin musikk og som spelemann på fele. Han døydde i 1944, 90 år gamal og kona fire år seinare.

Vidgjeten

Ola Fivelstad har skrive om spelemanne Ola J. Kjellstad sin musikk og liv, og skriv mellom anna;

-Det er sagt at han spela i bryllaup alt som 10-åring og bryllaupsspelemann var han til han vart ein gamal mann. Han brukte ofte å lage ein ny slått til bryllaup han spela i. Ein mann frå Hornindal tinga han. Ola svara med spørsmålet; «Skal du gifte deg Andes?» Og reinlendaren som han laga til bryllaupet vart heitande så.

-Den vidkjende reinlendaren «Bryllaupsaftan på Seljeset» laga han siste skiftet på nede ved elva før han gjekk opp i bryllaupsgarden. Den like kjende «Gluggen» laga han ved løegluggen andre dags morgon i eit bryllaup på Framhus på Stranda. Reinlendaren «Blombakken» laga han på kaia på Hellesylt medan han venta på båtskyss til bryllaup på Blomberg.

Kulturstove

I Bygdebok for Sunnylven og Geiranger under Ymse personar, band 1 kan ein lese meir som Ola Fivelstad har skrive om spelemann og komponist Ola J. Kjellstad som vart blind på sine gamle dagar.

På veg til Kjellstaddalen går ein forbi heimen til den kjende spelemannen og kona hans der ver og vind har sett sine merke på våningshuset. I dag blir gamle bygningar vøla i hop og teke vare på, bygningar som husar mindre historie og kultur enn stova til Ola J. Kjellstad. Kanskje burde også denne vere eit restaureringsobjekt.

Under Hellesyltdagane 1996 vart det avduka ein bauta av spelemannen Ola Kjellstad framfor Sunnylven samfunnshus. Stranda Spelemannslag og Kjellstadguten Spelemannslag kosta og sette opp steinen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380