Lokalnytt

Stamlaks til hundre tusen laksebarn

Alf Ole Sundgot hadde den kalde jobben med å hente ut laksen frå kastenota. Her med eit flott eksemplar som skal sikre nye storlaks i Korsbrekkelva.

Korsbrekke elveeigarlag sikra fornyinga av villaksen i den kjende lakseelva i Sunnylven då mykje stor stamlaks vart fanga i Steimshølen nyleg.

Det var folksamt ved Steimshølen i Korsbrekkeelva då elveeigarar og ivrige laksefiskarar var samla for å sikre fornyinga av laksestamma. I kastenota fekk dei fleire store laksar, og fleire var snart klare for stryking og såleis sikre arvemateriale og yngelproduksjonen ved klekkeriet i Husøyna.

Det hadde vore ein vanskeleg haust for opptak av stamlaks med flaumstor elv, men denne dagen var elva litt mindre. Og det fyrste av to kastet var vellukka. Til kummane ved klekkeriet vart det frakta 14 holaks og 6 av det andre kjønnet.

Arne Korsbrekke har lang erfaring frå forvaltning av laksestamma i Korsbrekkeelva. Her sorterer han stamlaksen i kummane ved klekkeriet.

Arne Korsbrekke har erfaring gjennom eit par generasjonar frå forvaltning og yngelproduksjon i Korsbrekkeelva. Han var ein godt nøgd mann denne dagen, for han har nok opplevd både kaldare og mindre vellukka dagar. Med eit raskt blikk på kvar laks sorterte han laksane og sette dei ut i kummane ved klekkeriet etter kjønn og når stryking var forventa.

Det var jamt over stor fisk som vart fanga i år, fleire på rundt ti kilo, sa han. Og årsaka til det var at det gjekk opp mykje fisk i Korsbrekkeelva sist sommar. At fiske gjennom sesongen berre vart som i eit normalår skuldast ugunstig vassføring og høg temperatur tidleg i sesongen, meinte Arne Korsbrekke. Han trudde dei hadde nok stamlaks til yngelproduksjonen for ein ny årgang laks i Korsbrekkeelva. Så om alt går slik det skal blir det nye 100.000 laksebarn til våren frå klekkeriet i Husøyna.

Frå dette kaste med nota kom mykje stamlaks på land.

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380