Takk for maten!

 

 

Takk for maten! (Illustrasjonsfoto frå arkivet)

-Har du gjort det i det siste? Takka for maten? Det burde du. Det er inga sjølvfølge at vi har mat på bordet, det er berre å sjå seg kring om i verda.

 Ord til ettertanke på facebook av Karl Kristian Langeland

-Tenk så privilegerte vi er her i vesle Noreg. Vi har framleis bønder som produserer trygg, kortreist og god mat. Takk for maten. Vi er komne i ein situasjon der vi er så bortskjemte at mange ikkje ein gong har tenkt over eller veit kvar maten kjem frå. Den berre er der i hylla på butikken, liksom. Dessverre ser vi no fleire og fleire som prøvar å stoppe både kunnskapen om kvar maten kjem frå, og norsk kjøtproduksjon. Seinast på Eidsvoll der veganarar prøvde å sabotere eit arrangement der folk kunne kome å sjå slakt av gris og lære kvar kjøtet kjem frå. Eg heiar på eit variert kosthald med grønsaker, fisk og kjøt, men dei som vil leve vegansk må gjerne det for min del.

Eg undrast likevel på korleis dei har tenkt at vi skal klare oss dersom krig (gud forby) nok ein gong skulle råke vårt kalde og vêrharde land, og importen av til dømes grønsaker og korn skulle stoppe opp. Spesielt godt for beredskapen vår er det neppe om norsk landbruk og fiskeri forsvinn. Krig og naturkatastrofer har råka oss før, og det kan skje igjen.

Eg meiner Noreg er tent med å ha eit landbruk, kvar einaste dag, men spesielt den dagen det utenkelege skjer. Då må vi ha eit landbruk som er tilpassa det landet vi lever i, og slik Noreg er laga frå naturen si side kan vi ikkje produsere korn og grønsaker over alt. Difor må vi framleis kjempe for at vi skal ha eit variert landbruk over heile landet. Takk for maten.

Til tross for at mange prøver å framstille norske bønder som kyniske, hjarterå og dyremishandlarar held heldigvis tusenvis av bønder fram med å lage den kanskje reinaste og tryggaste maten i heile verda. Kvar einaste dag. Mange av dei til ei elendig timesløn. Takk for maten.

Tenk det, at vi har blitt så heldige, at vi slepp å bruke størstedelen av tida vår på å bekymre oss for om vi kan ete oss mette denne dagen også. I staden kan vi delta på konferansar eller sitje i tenketankar der vi snakkar høgt om at kua og sauen prompar og rapar for mykje. Samstundes importerer vi duppedittar i plast (vi strengt tatt ikkje treng) frå andre sida av jordkloden, fyller klesskåpa våre med klede vi aldri kjem til å gå med (mykje av det sikkert laga av både polyester og fleece), men det er altså kortreist, norsk kjøtproduksjon som er den store klimasyndaren? Takk for maten.

I dag når eg set meg til middagsbordet skal eg takke for maten. Høgt og tydeleg. Anten eg har grønsaker, fisk, kjøt eller litt av alt på tallerkenen. Det burde du også gjere. Tenk så heldige vi er som framleis har bønder i dette landet som vil produsere maten for oss.

Takk for maten!

 

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380