Lokalnytt

Tilbakeblikk på cruisesesongen

Cruisetrafikken i Stranda hamnevesen sitt område har vore god, men med ein liten nedgang i sommarsesongen. Her går cruiseturistar ombord i Costa Pacifica på Hellesylt. (Foto frå arkivet)

I ei pressemelding skriv Stranda hamnevesen KF om drifta siste sesong, miljøkrav, litt nedgang i trafikken i sommarmånadane, anløp på Hellesylt og i Geiranger og vekst i bruken av SeaWalk. Og 2019-sesongen startar 1. mai.

Her er pressemeldinga frå Stranda Hamnevesen KF;

-Torsdag 25. oktober var siste dag med cruiseskipanløp til Geirangerfjorden. Sesongen har vore rekordlang med fyrste anløp allereie 3. mai.

Mykje tydar på at om lag 70-80 % av dei totale 356 707 passasjerane gjekk i land på utflukter og liknande. Ca 40 % gjekk av eller på skipet på Hellesylt. Legg ein MENON sine tal i rapport frå 19.oktober 2018 til grunn, gjev dette ei omsetning på mellom 250 og 280 millionar kroner.

Mindre sommarbesøk

Vi har ei svært medviten haldning til regulering av trafikk på sjø og til miljøutfordringane. I perioden juni /juli /august 2018 har vi ein nedgang på heile 7 % noko som tilsvarar 19 090 færre passasjerar i forhold til same perioden i 2017. Dette syner at ein god dialog med kundar og eit målretta arbeid med sesongutviding, gjev resultat.

I år har 188 cruiseskip besøkt området fordelt på Geiranger og Hellesylt. Av totalen går 114 cruiseskip innom Hellesylt. Nytt i 2018 er at cruiseskip har overnatta både på Hellesylt og i Geiranger. Ein registrerer at Hellesylt har eit stor potensiale, også i kombinasjon med Stranda og Nordfjord.

Flest tyske turistar

Det er flest tyskarar som reiser med cruiseskipa til Geirangerfjorden – og med engelskmenn på ein god andre plass. Hurtigruten har i år hatt 92 anløp og sett i land 20 072 passasjerar. I juli 2018 hadde Geiranger og Hellesylt 26 dagar med skip noko som tilsvarar 5 dagar med 0 anløp, 8 dagar med 1 anløp, 9 dagar med 2 anløp og 9 dagar med 3 anløp.

Flytande kaisuksess

I tillegg er det solid vekst på heile 14 % i talet på skip som nyttar det flytande kaianlegget SeaWalk. SeaWalk har vore ein suksess og vi har hatt konstant auke sidan anlegget sto klart i 2013 og ein registrer mindre bruk av tender-båtar. Dette er det beste miljøtiltaket vi har gjennomført hittil og det bidreg til ei betre oppleving både for kundane, dei fastbuande og for lokalt næringsliv.

Klare miljøkrav

Når det gjeld miljødebatten så er vår ambisjon klar – utsleppa skal ned, fjordane skal vere grøne og ein treng reguleringar som bidreg til skjerpa tiltak. Men i klima- og miljøpolitikk må måla henge saman med dei verkemidla vi har tilgjengeleg. Det er vanskelig å spå, særlig om framtida. Dersom resultatet vert null cruiseskip i verdsarvfjordane etter 1. januar 2026, vil dette ha dramatiske konsekvensar for lokalsamfunna våre. Lat oss difor gå i dialog om korleis heve ambisjonsnivået, utan at resultatet vert krav som teknologien ikkje kan innfri, færre arbeidsplassar og mindre verdiskapning.

I 2019 startar sesongen allereie 1. mai med anløp av Celebrity Silhouette og vert avslutta med AIDAsol 20. oktober.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380