Lokalnytt

Tilbyr skyteskule for damer.

I bedriftscup miniatyr 2015 stilte damelaget Babes. Kirsti Frøysadal Hauge t.v., Linn Kammen og Hanne Kvamme vart femte best til slutt. På bildet ser vi også skyteleiar Rolf Matvik.

Sunnylven skyttarlag tilbyr å starte opp skyteskule for damer. I fjor arrangerte skyttarlaget skyteskule for ungdom.

Etter ønskje frå fleire vurderer Sunnylven skyttarlag å starte opp ein skyteskule for damer på miniatyrbana i klubbhuset ved Hellesylt stadion. I fjor arrangerte laget skyteskule for ungdom og då fekk laget spørsmål om å arrangere det same for damer. No blir det ein realitet om nok deltakarar melder seg på.

Leiar i skyttarlaget, Ola Vangen seier det må vere mellom fem og tolv deltakarar for å kome i gong. Fleire har vist interesse for skytekurset etter at tilbodet vart kunngjort gjennom facebook nyleg. Skulle det bli for få damer vil det bli vurdert å opne for menn som er interessert i å delta, seier skyttarlagsleiaren.

Kurset vil gå over fem kveldar på miniatyrbana til Sunnylven skyttarlag. Pris for heile kurset er kr. 500.- som dekkjer ammunisjon, utstyr og skivemateriell. Påmeldingsfrist er 28. oktober, til olavangen96@gmail.com, eller til mob. 944 35 850.

På skyteskulen vil det bli instruksjon i eitt tema kvar kveld, sikting, pusting, skytestilling, avtrekk, og reglar for sikkerheit ved bruk av våpen.

-Høyrest dette spanande ut? Ta kontakt om det fortsatt er damer i bygda som er interessert å delta på skyteskule, seier Ola Vangen.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380