Notiser

Triveleg leiktreff på Fiskå

Dansarar og leiarar frå Hellesylt UL under Barneleikarstemnet på Fiskå. (Foto: Privat)

Leikarringen i Hellesylt Ungdomslag har vore på Barneleikarstemne på Fiskå. Våtsamt ver, men triveleg arrangement får vi fortalt.

I helga 28 – 30 september var ni born og tre vaksne på Fiskå som deltakarar på årets Barneleikarstemne. Wenche Ringdal var ein av leiarane frå HUL og fortel om eit flott stemne, gode, kjekke aktivitetar, god mat og fin stemning. –Sjølv ikkje det dårlege veret klarte å øydelegge ei super helg, seier Wenche Ringdal.

30 år med leik og dans

Neste opptreden for dansarane i Hellesylt UL er Sjokoladekappleik 4. november med Mork Frilynde Ungdomslag som arrangør. Laurdag 17. november er det Generasjonstreff og jubileum for leikarringen på Hellesylt. I år er det 30 år sidan Astrid R. Ringdal kom inn i laget og starta opp med dans og leikarring, får hellesylt.info opplyst.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380