LokalnyttLokalsport

Uavgjort i siste kamp

Her er det Trygve Aaland Tryggestad som fyer av eit frispark mot Her3. Mål vart det ikkje denne gongen.

Sunnylven sitt senior menn 7-ar spela uavgjort 4-4 mot Herd3 på Hellesylt stadion i siste kamp denne sesongen.

Temperaturen steig mange hakk på slutten for begge lag då Sunnylven og Herd 3 kjempa om poenga i siste kamp i 7-ar serien avdeling 2 tysdag kveld. Men domar Ole Petter Stenberg godtok lite utanom ærleg fotballspel og delte ut fleire gule kort til begge lag og eitt raudt til Herd3-spelar.

God opning

Sunnylven spela ein flott fyrste omgang, brukte heile banebreidda i stort tempo og med gode treff i samspelet. Den fyrste halvtimen var dei det beste laget og donka inn tre mål. Målskårarar var Markus Tryggestad Forbord, Pavel og Espen Ringdal. Men etter 37 minutt kom fyrste baklengsmål og laga gjekk til pause med 3-1 til heimelaget.

Haustfargar frå domaren

Andre omgang vart mykje kjemping og mange avblåsingar frå domar Stenberg som drog opp mange gule kort til begge lag og eitt rødt til spelar i blått og kvitt. Herd 3 auka tempoet, eller var det Sunnylven som hadde slurva med treningane i det siste? Etter 47 minutt stod det 3-2, og åtte minutt seinare var det balanse i målprotokollen.

Om lag midtvegs i omgangen tok Sunnylven igjen leiinga på eit langskot av Trygve Aaland Tryggestad og håpet om heimesiger levde. Men berre i sju minutt, for då utlikna Herd3 igjen. Deretter vart det ikkje fleire nettsusarar sjølv om gjestane var nær ny skåring då ballen small både i stolte og tverrstong i målet bak Helge Kvam Karbø. Han stod ein god kamp for heimelaget.

Sluttstillinga

Kampen enda uavgjort 4-4 og med poengdeling. Dermed sikra Sunnylven seg tredje plass framfor Herd3 på tabellen med same poengsum, men betre målskilnad.

Vinnar av menn senior 7-ar vart HaNo med 25 poeng. På andre plass kom Stranda som sanka 23 poeng, og på tredje plass Sunnylven med 19 poeng, same som Herd3. Deretter Emblem, Valldal og Norborg.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380