Varm gåve til ordførar

Som symbol og mål for eit varmare samfunn vart ordføraren overrakt eit skjerf frå elevar og lærarar ved Sunnylven skule.

Ordførar Jan Ove Tryggestad tok turen innom Sparebanken Møre på Hellesylt under oppteljing av innsamlingsbøsser. Der fekk han seg overrakt ei gåve frå elevar og lærarar ved Sunnylven skule.

Det var lærar Kari Hauso Stadheim som hadde med den heimelaga gåva frå elevar og lærarar ved Sunnylven skule. Under overrekkinga sa ho mellom anna dette;

-I forbindelse med TV-aksjonen «Mindre alene sammen» har elevar og lærarar ved Sunnylven skule strikka oransje skjerf. Som leiar for innsamlingsaksjonen i Stranda og som eit symbol for eit varmare samfunn vil vi gje eitt til deg. Vi må ha eit felles mål om å skape eit rausare og meir inkluderande samfunn. Både som enkelperson, på arbeidsplassen, i organisasjonar og som politikarar må vi vere gode forbilde og ta val som gjer at færre opplever utanforskap, men «Mindre alene sammen».

Ordføraren tok mot og takka så mykje for den varme og fargeglade gåva. Han lova å ha skjerfet framme og legge seg helsingsorda på minne.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380