Vil stelle til uteområde

Dette området framfor Sunnylven omsorgssenter og dei frittståande bueiningane ønskjer pårørandeforeininga å få opparbeidd til ein trivselspark for bebuarane.

Pårørandeforeininga ved Sunnylven omsorgssenter har sendt ein søknad til Stranda kommune om 150.000.- kroner i støtte til opparbeiding og planting på uteområdet.

Saka om tilstelling av uteområdet framfor Sunnylven omsorgssenter er gammal. Planen har vore teikna, men økonomi har stoppa arbeidet. No er planane leita fram på nytt i håp om å få dei realisert. Men fyrst må det økonomiske på plass og i den samanheng har Pårørandeforeininga ved Sunnylven omsorgssenter sendt søknad til Stranda kommune om 150.000.- kroner i tilskot.

På plenområdet framfor hovudbygget og dei frittståande bueiningane er tenkt å anlegge gangvegar, bygge ein paviljong og plante til. Ved graving der kan ein også få knytt til bueiningane som no ikkje er knytte til naudstraumsopplegget.

-Målet for arbeidet er å skape eit inviterande, aktiviserande og trygt område for bebuarane. Området kan også vere ein sosial møteplass der bebuarane kan møte andre grupper frå lokalsamfunnet, skriv leiar Liv Norunn Langeland Runde i søknaden.

Kostnaden for heile tilstellinga er berekna til 320.000.- kroner. Pårørandeforeininga håper på støtte frå mange til trivselstiltaket ved Sunnylven omsorgssenter.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380