Vinje-markering samla mange på Hellesylt

Mange møtte fram til arrangementet til Sunnylven pensjonistlag det Aasmund Nordstoga til høgre og Åsmund Reistad delte forteljingar, dikt og songar med publikum.

Diktaren Aasmund Olavsson Vinje sine sendebod var på innsteg på Sunnylven samfunnshus torsdag 25. oktober. Og kvelden med bodberarane Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad vart ein minnerik kveld for dei frammøte i storstova på Hellesylt.

Rundt 150 unge og eldre kom til Sunnylven pensjonistlag sitt arrangement om diktaren Aasmund Olavsson Vinje sin fødsel. –Vi slår på stortromma i kveld, sa leiar i laget Astrid Langeland då ho ønska alle vel møtt. Og det kunne ho med rette hevde, for laget hadde sikra seg eminente scenekunstnarar til arrangementet.

Det er 200 år sidan diktaren Aasmund Olavsson Vinje vart fødd i Vinje i Telemark. I den samanheng har Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad turnert landet med framføring av forteljingar og songar etter diktaren som gjekk bort berre 52 år gamal.

Aasmund Olavsson Vinje var yngst av to sysken. Han ville skrive, han var journalist i fleire aviser og han gav ut si eiga som fekk namnet Dølen. Men mest kjent vart han som diktar med reiseskildringar frå deler av landet, som Ferdaminne og forteljinga om Storegut, og songar og dikt som det i ettertid har blitt tonesett fleire av, mellom anna av Odd Nordstoga.

Under Vinje-kvelden på Sunnylven samfunnshus las Aasmund Nordstoga frå forteljingane og framførte både nye, tonesette dikt, men også av dei kjente songane av diktaren. Vakkert var det å høyre versjonen av «Ved Rondane», eller kjærleiksdiktet «Den dag kjem aldri». Og når dei to på scena avslutta kvelden med «Blåmann, blåmann», var Vinje-kvelden krona til toppkarakter.

Aasmund Nordstoga er ein dyktig kar på scenekanten, han formidlar sitt bodskap på eiga dialekt på ein behageleg og trygg måte. Og ikkje minst imponerande er å høyre bonden frå Vinje-bygda synge, då er ingen tone for høg eller for lav. Og med Åsmund Reistad som svært dyktig gitarist ved si side vart det ein kveld dei fleste vil minnast lenge. Imponerande kva lyd og tonar ein gitar med seks strenar kan levere av toneprakt når eigaren kan å bruke den.

Dei to har reist med Vinje sitt liv og dikting lenge og vil halde fram enno ei tid. Dagen etter Hellesylt gjekk turen til Langevåg i Sula, fortalde Aasmund Nordstoga.

-Vi slår på stortromma i kveld, sa leiar i Sunnylven pensjonistlag Astrid Langeland då ho ønska Vinje-formidlarane Nordstoga t. h. og Reistad vel møtt

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380