Lokalnytt

Asfalterer i Sunnylvsbygda onsdag

Det blir asfaltering i Sunnylvsbygda onsdag. Pårekn inntil ein time ventetid medan arbeidet pågår. (Illustrasjonsfoto)

Statens Vegvesen melder at onsdag 7. november blir det asfaltering på FV 80 i Sunnylvsbygda på strekninga mellom Frøsøye og Hole.

Asfalten på deler av fylkesvegen i Sunnylvsbygda har vore svært dårleg. Spesielt har eit parti mellom Myrebrua og Hole vore ille og skaka både folk og køyretøy.

Vegvesnet hadde planlagt asfaltering av denne strekninga i oktober, men kulde og nedbør hindra at arbeidet vart utført. No ser veret bra ut og arbeidet startar i veke 45, onsdag 7. november.

Asfalteringsarbeidet startar 400 meter framom det nye betongrekkverket i Bergja ( truleg ved brua på Hole, red.merk.) og avsluttar 600 meter nedom krysset til Frøysa (ved Myrebrua, red.merk.). Asfalteringa skal gjerast ferdig i løpet av ein lang onsdag, skriv Vegvesnet.

På dei trange partia av vegen kan det bli inntil ein timar ventetid, men entreprenøren vil prøve å unngå alt for lange stopp for trafikantane, heiter det frå Statens Vegvesen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380