Lokalnytt

Fokus på miljøvennlege bygg i tre,

I 2014 gjorde HT Bygg Hellesylt påbygg til Norsk Fjordsenter i massivt tre. Her blir element gjorde ferdig ved fabrikken på Hellesylt. (Foto frå arkivet)

Stranda kommune deltek i nettverk for berekraftige bygg, ei samling for fleire med mål om auka bruk av trematerial for å redusere Co2-utslepp. Fredag 7. desember blir det samling i Storfjord kulturhus.

Motivasjonen for å bygge i tre er høg i Møre og Romsdal. Det løner seg økonomisk, det er kortare byggetid og gjev eit godt inneklima. Fleire kommunar i fylket, mellom dei Stranda har gått saman i eit nettverk for berekraftige bygg og bruk av trematerial i byggkonstruksjonar. I Storfjord kulturhus, Stranda blir det samling for aktørar og andre interesserte fredag 7. desember der det blir sett fokus på spesielt to områder;

*Auka bruk av tre i offentlege bygg

*Innovative offentlege anskaffelsar

Samlinga er open for alle, men er sjølvsagt mest interessant for dei med verksemd innan bygningsindustri.

Målgruppe er:

*Leverandørar; entreprenørar, bygg-firma, fag-leverandørar til bygg, rådgjevande ingeniørar, arkitektar

*Offentlege byggherrar

*Politikarar

*Verkemiddelapparatet og andre «gode hjelparar»

Ordførar i Stranda Jan Ove Tryggestad ønskjer velkome til Stranda og møtet som opnar kl. 09.00. Deretter blir det fagleg påfyll og presentasjon av byggeprosjekt i tre rundt om i fylket, mellom anna av dagleg leiar ved HT Bygg Hellesylt, Øystein Ljøen som fortel om påbygg ved Norsk Fjordsenter i Geiranger, og no Hornindal skule.

Heile programmet for samlinga finn du her; https://www.stranda.kommune.no/Handlers/fh.ashx?MId1=4&FilId=924

Tre er også flott byggemateriale for gapahuk til laksefiskarar, her ved Korsbrekkeelva.
Frå Hornindal 15. november. Nye Hornindal skule reiser seg i massivtreveggar. Nyeskulen skal knytast saman med Honndalshallen. (Foto: Øystein Ljøen)

 

 

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380