Gav bygdebøker til samlingsstad
I Coop-kroken på Hellesylt blir mykje diskutert, eldre lokale hendingar, årstal og slekter. No har møtestaden fått «oppslagsverk» av Sparebanken Møre, bygdebøkene for Sunnylven og Geiranger.
Eit lite lokale i Coop-butikken på Hellesylt er dagleg møtestad for både pensjonistar og andre. Ei leskedrikkmaskin leverer go`saker av fleire sortar som det blir sett pris på og her går praten om laust og fast. Men i enkelte saker blir konklusjonen usikker, spesielt vanskeleg kan det vere med personnamn og årstal tilbake i tida.
I Sunnylven finst eit godt hjelpemiddel for avklaring på slike spørsmål, to bind av bygdebok for Sunnylven og Geiranger. Kvar bok blir i dag selt for kr. 450.-, mellom anna i Sparebanken Møre på Hellesylt.
Coop-kroken hadde lenge ønska seg eit sett bygdebøker og på forespørsel om sponsing gav Sparebanken Møre like godt begge bøkene gratis til bruk i lokalet. Brukarane takkar så mykje for velvilje frå banken, dei to bøkene blir nok til stor hjelp, diskusjonane kan bli kortare og fleire tema kan takast opp til drøfting.