Lokalnytt

Godt oppmøte på utsiktsrydding

Hellesylt Næringslag har fått utført ei omfattande utsiktsrydding nær Hellesylt sentrum. Sist laurdag var det felling av lauvskog i området ved Helgesvingen

Utsikta til Hellesylt sentrum opna seg mykje sist laurdag. Då fekk Hellesylt Næringslag mange hjelparar med utsiktsrydding, men framleis står det att eit lite område.

Dugnaden for utsiktsrydding samla ni personar. Det er Hellesylt Næringslag godt nøgde med og rettar stor takk til alle som stilte på. Leiar Øystein Ljøen fortel at det var utsikta frå Helgesvingen til Hellesylt sentrum som vart «leita fram», men at det framleis står att eit lite område. Men han synes det var flott at så mange stilte og mykje vart gjort. Næringslaget spanderte pizza på dugnadsfolket på Øcal.

Det nedfelte trevirke ligg framleis i området. Det er ikkje fint å ha det liggande slik så det må vekk. Alle som vil ha seg fyringsved kan berre forsyne seg, seier Ljøen. Mykje er alt kvista så her er det berre å laste opp på hengarar eller kva det måtte vere og få det vekk, seier han. Ny dugnad på siste rydding, eller vekkøyring av det nedkappa er ikkje bestemt.

Hellesylt Næringslag søkte om tilskot til utsiktsrydding på fleire områder og fekk tildelt 245.000.- kroner i tilskot. Etter som det stod igjen berre ein liten del som ikkje var rydda søkte Næringslaget om delutbetaling på tre fjerdedeler. Det har ikkje gått i orden, det må også innleverast delrekneskap. Dette blir det no jobba med opplyser Øystein Ljøen. Så alle lag og organisasjonar som ventar på «lønn» vil få det etter kvart.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380