Henta heim kjøkkensjef til Bygdakveld.

Profesjonell kokk Lars Helge Hanssen har klar meny av fårekjøtt med litt internasjonal vri til Bygdakvelden på Sunnylven samfunnshus.

Denne helga er kjøkkensjefen på Ona & Finnøy Havstuer, Lars Helge Hanssen i heimbygda for å lage menyen til Bygdakvelden «Det store i det litle».

Bygdakvelden «Det store i det litle» har mange høgdepunkt på programmet. Eitt av dei blir menyen, ei oppleving for dei særaste smakssansar, vil vi tru. Kjøkkensjef Lars Helge Hanssen er henta heim for å lage kveldens meny. Og når 40-åringen frå Nibbedalen kjem heim til jordbruksbygda Sunnylven der ei stor kjøttvarebedrift ligg vegg i vegg med festlokalet, då valde han råvarer av sau og lam.

I over tjue år har Lars Helge Hanssen jobba som kokk. Dei siste fire åra har han hatt sin arbeidsdag ved Ona og Finnøy Havstuer, men har samla erfaringar og inntrykk frå mange andre restaurantkjøkken. Han starta si utdanning med eitt år ved matfag Stranda vidaregåande skule og deretter eitt år på Sjøholt. Så vart det jobb ved Hotel Union i Geiranger, Rica Nidelven, Trondheim og deretter Druen på Aker Brygge i Oslo. –Ta gjerne med også Noma i København, rekna som ein av dei beste restaurantar i verda i mange år.

Vi spør kvifor han valde yrket som kokk? Der har han mange gode grunnar for.-Eg synest det er kjekt å få lov å jobbe med gode jordbruksvarer, både ferske, salta eller tørka og servere mat som folk set pris på. På Ona & Finnøy Havstuer har vi eit kjøkken som stadig får gode tilbakemeldingar.

-Skal vi få kundar frå dei større stadane som Ålesund og Molde er det mellom anna god mat vi lokkar med. Og då vi ligg heilt ute i havgapet blir det mykje sjømat på menyen. Vi har fokus på lokal leveranse, både vanleg fisk, kveite, kval og klippfisk, men også villsau, ferdig salta, fleipar Lars Helge. Han fortel at det var betre vekter på lam av villsau i år enn tidlegare, rundt 15. til 17. kilo.

Denne helga er den profesjonelle kokken hyra inn til Bygdafesten «Det store i det litle» for å lage kveldens meny. Han er ikkje nervøs for den jobben for tidlegare i år serverte han årsmøtet i Sunnylven sau –og geit eit liknande måltid. Det var ein stor suksess.

På kveldens meny som blir sett fram som buffet vil ein i tillegg til grønsaksalat finne;

*Ein spansk variant av dampa pølse

*Krydra kjøttbollar i tomatsaus

*Ei klassisk fåregryte med gode krydder

*Asiatisk inspirert gryte av indrefilet

-Eg trur fleire vil bli overraska over kor bra sau og lam kan smake. Eg ynskjer å slå eit slag for fårekjøt, for det er skammeleg at det ikkje blir brukt og verdsett meir. Få det ut i butikkane og ta det i bruk, er den sterke og klare oppmodinga frå kjøkkensjef Lars Helge Hanssen.

Besøket i heimbygda blir av det korte slaget denne gongen. Søndag morgon startar han tidleg tilbake for å gjere klar farsdagsmeny på Ona & Finnøy Havstuer.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380