Notiser

Ikkje teater med HUL til jul

I fjor hadde HUL-teatret suksess med komedia «Her går det for seg». I rollene møtte i mellom anna, frå venstre Marianne Fivelstad, Linn Kammen, Lasse Langlo og Knut Dag Langeland.

Det blir ikkje HUL-teater 4. juledag i år. Det stadfestar leiar i Hellesylt Ungdomslag, Marianne Fivelstad.

Både medlemer i teatergruppa og Marianne Fivelstad har jobba intenst i haust med å samle saman aktørar til ei ny teaterframsyning på Sunnylven samfunnshus i romjula. I fjor hadde laget stor suksess med komedia «Her går det for seg», men i år har leiinga ikkje lukkast med å fylle opp rollelistene. Spesielt har det vist seg vanskeleg å få med mannlege aktørar, seier Marianne. Ho er lei seg for at laget ikkje maktar å halde på ein god, triveleg tradisjon. Jul er som kjent mykje tradisjon, men no er det så kort tid igjen å øve på at leiinga har bestemt seg for å «pakke vekk» både sminke og andre teaterrekvisittar.

Men til neste år har fleire lova å stille på, fortel HUL-leiaren. -Så då får vi sjå om HUL-teatret kjem på scena i Sunnylven samfunnshus igjen, legg Marianne til.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380