Notiser

Julebord på Øcal, Hellesylt

Om du likar god norsk, tradisjonell julemat kan du melde deg på julebord på Øcal Restaurant. Der kjem dei særaste smakssansar i julestemning, lovar vertskapet.

Etter utvidinga har Øcal Restaurant på Hellesylt plass til nær hundre gjester. Til julebord laurdag 8. desember har påmeldingar strøymd inn, fortel Ramazan Øcal, men som har plass til fleire. Han gleder seg til å by fram ein stor, variert og velsmakande buffet av det beste av norsk julemat. Og sjølvsagt høyrer både dessert, kaffi og andre forfriskingar med i eit julepynta lokale.

Så alle som har lyst på ein triveleg kveld med god mat må kaste seg over telefonen og ringe snarast råd. For som sagt, det fyllest opp, seier Ramazan.

Det er påmelding til arrangementet med frist torsdag 6. desember. Ring mob. 941 35 096, eller kontakt Ramazan på facebook. (Sjå og kalendar «Kva skjer på Hellesylt»)

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380