Julemesse på Hellesylt

Laurdag 1. desember blir det julemesse i Sunnylven samfunnshus på Hellesylt. Arrangør av den 11. julemessa på rad er Sunnylven Bygdekvinnelag.

Til julemessa i år er det så langt påmeldt 13. utstillarar. Elevar frå 9. og 10. klasse ved Sunnylven skule er på plass, det blir sal av julekaker, lefse og flatbrød, ullprodukt, skinnprodukt, livsstilprodukt og tupperware. Også Rust Foto med bilete, Randi Blomster frå Stranda, Gardskjøkkenet og Hellesylt Hobbygleder har tinga plass så langt.

Der er framleis plass til fleire, og leiar i Sunnylven Bygdekvinnelag, Anne Grete Hjelmeland Hole tek mot påmelding på mob. 418 46 683.

Under julemessa blir det sal av kaffi, kaker og julegraut. Julemessa er open frå klokka 11.00 til 16.00

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380