Juletombola med peparkakeby
Leiinga for Sunnylven skulekorps held på førjulstradisjonar og inviterer til juletombola og utstilling av peparkakebygg på Sunnylven samfunnshus 1. søndag i advent.
Sunnylven skulekorps har mista medlemer i haust og har berre 8 eldre musikantar. Dermed har det også blitt færre foreldrepar til å arrangere juletombola.
Reduserer gevinsttalet
-På grunn av dette har vi sett oss nøydd til å tenkje litt annleis denne gongen. Det blir juletombola, men med litt redusert antall gevinstar. Kvart år har det også blitt løyvd gevinstar, så difor har økonominemnda bestemt å redusere gevinsttalet frå ca. 650 til 400, men med litt høgare verdi. Pris pr. lodd i år blir kr. 10.-, melder styret og legg til;
-Vi håper på forståelse for endringa i år og håper mange møter fram og støttar skulekorpset. For ny rekruttering er på gang med åtte aspirantar som øver for fullt. Kanskje har det gode skulekorpset dobbelt så mange musikantar alt neste år.
Peparkakebygg
Tidlegare år har mange kreative bakemeistrar delteke med flotte peparkakebygg. Også i år har alle sjansen til å delta og vise fram store og små konstruksjonar. Alle som deltek er med i loddtrekning om tre gevinstar. Peparkakebygg kan leverast på Sunnylven samfunnshus frå kl. 10.00 på laurdag