Kan bli stoppa i restaureringa
Ljøbrekkas Vener er nesten i mål med restaurering av Den Trondhjemske Postvei. Berre eitt av dei seks delprosjekta står att, men no kan organisasjonen bli stoppa i arbeidet.
Ljøbrekkas Vener gjer for godt arbeid. Den gamle Postvegen over Ljøfjellet blir for bra, den blir ikkje som den var opprinneleg. Det er grunngjevinga som verneorganisasjonen er møtt med når dei ønskjer å fullføre det store, omfattande restaureringsarbeidet av ein av dei flottaste turvegane på indre Sunnmøre. Eitt delprosjekt, det sjetta og siste til toppen av Brekkeskaret på Herdalssida står att før turvegen er ferdig istandsett for alle både gåande og syklande, og kanskje også for rullestol.
«Det er fortvilande..
Leiar i styret for Ljøbrekkas Vener, Petter Hjørungdal fortel at i kontakt med fylkeskonservatoren i Møre og Romsdal nyleg kom det fram meiningar om at Den Trondhjemske Postvei ikkje har fått den standard som var opprinneleg. Hjørungdal oppfatta at det blir vurderte å stanse fullføringa av arbeidet som verneorganisasjonen har planlagt med maskiner og manuelt arbeid i 2019 og i staden gjere alt manuelt og med hjelp av kran med handsveiv. Der det er brattast skal det bli trappetrinn, og grøfter skal sløyfast. Vatnet skal renne fritt.
-Det er litt fortvilande det heile og i det blå om vi får fortsette eller ikkje. Eg føler det er veldig dramatisk. Komande måndag er det planlagt ny synfaring i området om veret tillet det. Men spørsmålet er om dei kan stoppe oss eller ikkje. Stranda kommune har tidlegare vedteke at det er kommunen som eig postvegen, seier Petter Hjørungdal som ønskjer å få fullført det unike prosjektet på same gode måte som hittil.
Jobbar for fullføring
Ljøbekkas Vener starta med skogrydding og det omfattande arbeidet med å «berge» Den Trondhjemske Postvei i 2012. To år seinare kom vedlikehaldet i gong for fullt og er no kome vel halvvegs opp på Herdalsida. Det siste delprosjektet og fullføring er planlagt til 2019.
Hjørungdal opplyser at på siste styremøte vedtok styret å halde fram jobbinga med å få på plass finansiering av siste delprosjektet som er berekna til 2.8 mill. kroner. Det er mykje pengar og er avhengig av spelemiddlar, seier han, men Ljøbrekkas Vener søkjer og håper sjølvsagt på støtte både hos private, bedrifter og stiftingar, også frå Gjensidigefondet som ikkje har gjeve svar enno.
Frå Olav Thon Stiftelsen
Frå Olav Thon stiftelsen vart Den Trondhjemske Postvei tildelt 500.000.- kroner tidlegare i år, til finansiering av arbeidet på delprosjekt 5. og 6, frå Brekkeskaret til Brekka.