Kløvertur med Sanitetslaget

Torsdag 8. november inviterer Sunnylven sanitetslag på kløvertur, ein rusletrim i Hellesylt sentrum, og kveldsmat på Sunnylven kyrkjelydshus etterpå.

Sunnylven sanitetslag satsar på at det gode veret held fram og inviterer unge og eldre på gå-tur i Hellesylt sentrum frå klokka 18.00 torsdag 8. november. Etter turen blir det servert kveldsmat til alle på kyrkjelydshuset. Der blir sett fram godt brød, fleire sortar pålegg , kaffi, te og anna drikke.

-Du må gjerne kome frå andre stader og innom kyrkjelydshuset til kveldsmat, og dei som bur på Omsorgssenteret kan om dei vil gå direkte til kyrkjelydshuset der det er folk frå klokka 18.00, opplyser leiinga i sanitetslaget som ynskjer vel møtt til alle. Hugs refleks, og kanskje også ei lita lykt!

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380