Lokalnytt

Kostar mange millionar å fullføre cruisekai

Slik står Hellesylt kai idag. Ein god forretningide må til for å forsvare ei investering på 13. mill kroner.

Cruisekaia på Hellesylt kan bli ferdig utbygt om der er personar eller næringsdrivande som kjem opp med ein ide om bruk av kaiareal. Det seier styreformann i Stranda Hamnevesen KF, Olav Bratland i ein kommentar til hellesylt.info.

Eit samtaleemne som går igjen på Hellesylt er om cruisekaia blir ferdig utbygt eller ikkje. Kaia fungerer godt slik den står i dag, men fleire pålerøyr der resten av kaidekket skulle ligge står ubrukte. Styreleier Olav Bratland opplyser at kostnaden med ferdigstilling er rekna til 13.0 mill. kroner.

-Mykje pengar

-Det er ikkje pent slik som det står i dag og eg er viljug til å vere med å diskutere ei fullføring med dekke om der er nokon private, eller næringsdrivande på Hellesylt eller andre stader frå som kan kome opp med ein ide for å nytte ut ei ferdig utbygt kai og som gjerne gjev noko inntekter. Stranda Hamnevesen KF har avsett pengar på langtidsplanen, men 13.0 mill. kroner er mykje pengar så difor vil vi gjerne ha innspel om bruk, sa Bratland som gjentok at han gjerne er med og diskuterer ei ferdigstilling av cruisekaia om ein forretningside dukkar opp.

Vil ha fakta

-Vi i Stranda Hamnevesen er spent på cruisetrafikken i åra som kjem. For dei to neste åra er tal på cruisebåtanløp gode, men kva restriksjonar angåande forureining som kjem og korleis det vil slå ut veit vi ikkje. Vi vil rette oss etter Stortinget sine vedtak, men vi vil at alt skal byggje på fakta, sa Bratland.

Har ansvar for sjøområde

Når det gjeld pålerøyra som står i sjøen opplyser hamnesjef Rita Berstad Maraak at ingen av dei er fylte med betong. Ho er samd i at det ikkje er vakkert slik det står i dag. Sjøområdet er Stranda Hamnevesen sitt ansvar, og vår oppgåve er å bidra til næringsutvikling på land. Vi har gjort mykje for Hellesylt, seier ho og nemner spesielt lenger liggetid av cruisebåtar. I tillegg er anløpslista lang med god auke og med båtar som «overnattar». Men Rita Berstad Maraak saknar fleire tilbod for turistane på land, noko ho håper vil kome snart.

Cruisebåtbesøk på Hellesylt var ferre av før 2012. Vårt bilete er frå 19. juni 2016 med turistbåten Queen Elisabeth ved Hellesylt kai. Hellesylt leikarring og Sunnylven skulekorps gjorde besøket opplevingsrikt for cruisepassasjerane.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380