Lang sesong for turistferje

Turistferja ved kai på Hellesylt på ein av dei siste turane denne sesongen.

Onsdag 31. oktober gjekk turistferja Bolsøy frå kai på Hellesylt til Geiranger for siste gong denne sesongen.

Heile 795 turar gjorde turistferja Bolsøy mellom Hellesylt og Geiranger, og dobbelt så mange gonger har ferja passert Matvika, Syltavika, Dei sju systrene og andre turistattraksjonar før sesongen 2018 var ferdig.

Den lange sesong starta 1. april og slutta 31. oktober. I fyrstninga og på slutten var det tre turar att og fram dagleg for gamle gode Bolsøy, men i sommarsesongen frå 20. mai til midt i september vart det fire. Då var også Veøy, den andre cruiseferja på plass og «pløgde» saltvatn på den verdskjente fjordruta.

Onsdag 31. oktober var det slutt for i år, ferja i opplevingsruta på Verdsarvfjorden tek pause i fem månader.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380