Leikarringen underheldt på generasjonstreff
Generasjonstreffet med Hellesylt Ungdomslag vart besøkt av mange. Der vart det også feira at leikarringen i HUL er 30 år.
Under tilstellinga på Sunnylven samfunnshus laurdag fekk dei frammøtte velje mellom fleire sortar kaker til kaffi og saft, og det var danseframsyning av leikarringen med tilbakeblikk på dei siste seks-sju åra.
Antall dansarar er ikkje like mange no som då det starta for 30 år sidan. Initiativtakar til leikarringen den gongen, Astrid R. Ringdal har fortalt at det var så mange som ville vere med at ho måtte få med seg to lærarar for å hjelpe. Ikkje fordi det var uro, men rundt 60 unge dansarar vart for mykje for ein instruktør åleine.
No er dei ferre i leikarringen, men 15 – 20 kan kunsten å danse. Frå scena i samfunnshuset fekk dei frammøte sjå dei svinge seg med lette steg i reinlender, irsk polka, mexsikansk vals og mykje anna. Og det var ikkje berre gamal dans, og som Wenche Ringdal fortalde at dei unge kalla kjedeleg dei framførte. På slutten vart det både hopp, svai og sving i moderande, ungdommelege rytmer til ein populærlåt som tidlegare fotballspelar for Mjøndalen Mads Hanssen har gjort furore med. Eit triveleg innslag.
Under generasjonstreffet fekk di frammøtte attersyn på video av arrangement leikarringen i HUL har vore med på frå 2011. Faste leikframsyningar har vore på 17. mai, under Hellesyltdagane og på ulike stemner. Mest imponerande var eit opptak frå ei danseframvising om bord på ein cruisebåt i 2015. Det sette cruiseturistane i stor stemning.
Leiar for styret i leikarringen, Wenche Ringdal fortalde også frå aktiviteten i 2018. Eit aktivt år som vart avslutta med opptreden på generasjonstreffet laurdag.