Lokalnytt

Litt nedgang i Fjelltrimmen

Alle born som hadde levert inn trimskjema fekk diplom av trimgruppa. Til høgre leiar Jostein Ringdal. Trimskjema for 2019 kan kjøpast på Coop Marked Hellesylt.

Trimgruppa i Sunnylven IL registrerte nedgang i besøkstala på Fjelltrimmen i 2018. Likevel blir året rekna som eit godt trimmår med totalt 10961 registreringar.

-Vi har hatt eit godt trimmår sjølv om vi har registrert ein nedgang frå 2017 på 14.5 prosent, skriv trimgruppa. Sunnylven IL har hatt ute 25 postar med poeng frå 3 til 20 som det høgaste på Nokkenibba. Heile 15 vaksne og to barn besøkte alle trimpostane i 2018. Det vart seldt 72 skjema der inntektene av salet i heilheit går ut som premiar etter trekning mellom dei som leverer inn. Totalt kom det inn trimskjema frå 40 vaksne og 18 born.

Søndag 11. november var det premiefest med utdelingar av premiar og diplom. Leiar i trimgruppa i SIL, Jostein Ringdal delte ut.

Desse var uttrekte og vann gåvekort:
Vaksne alle postar: Randi Nybø Ringdal, 500.- kroner

Vaksne 10 postar eller fleire: Ingebjørg Sårheim Fivelstad 300.- kroner

Vaksne 10 postar eller fleire: Rune Hole 500.- kroner

Vaksne levert trimskjema: Lars Fivelstad 200.- kroner

Born levert trimskjema: Siv Anita Nessan 200.- kroner

Born 10 postar eller fleire: Ronja Mari Tronstad 300.- kroner

Born 10 postar eller fleire: Lone Ringdal 300.- kroner

Born alle postar: Tuva Korsbrekke 500.- kroner

I tillegg vart det delt ut diplom til alle born som har levert inn trimskjema for 2018.

Leiar i trimgruppa Jostein Ringdal opplyste at gruppa har vedteke å flytte posten i Fagredalen til Vatnedalen i Sunnylvs-Moldskreddalen. Posten er ikkje flytta enno, men dei håper å få gjort det med det fyrste. Til så lenge gjev tur i Fagredalen trimpoeng. Flytting blir meldt på trimgruppa si facebook-side og på www.hellesylt.info

Ringdal opplyste også at det er planlagt eit trimtreff i mørke, truleg til Nedstevatnet i veke 47. Også dette blir det gjeve melding om når alt er klart.

Besøket på trimpostane.

Posten med klart flest besøk var Shell-kaia. Her var registrert 2081 noteringar i 2018, ein auke frå året før på 6.7 prosent.

Sjå oversikt over trimbesøk frå 2010 til og med 2018:

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380