Lokalnytt

Maratondraum vart verkelegheit

Kari-Anne Tryggestad Ryste sprang New York Maraton i helga. Dermed vart ein stor draum verkelegheit. (Foto: Privat)

Kari-Anne Tryggestad Ryste er «maratondronninga» i Sunnylven IL. Søndag 4. november fullførte ho New York Maraton på 3.31.57.

Mellom fleire tusen deltakarar sprang Kai-Anne Tryggestad Ryste New York Maraton for fyrste gong i helga. Der la ho bak seg brustein og asfalt i dei same løypene der landsveninner og maratonvinnarar som Ingrid Kristiansen og Grete Waitz har fossa fram, den siste til ni sigrar.

Det hadde vore ein draum lenge å springe heilmaraton 42.195 meter i New York seier Kari-Anne. Og det vart ei oppleving i godt ver og med utruleg stor stemning langs heile løypa. Og sluttida er ho også veldig godt nøgd med. 3.31.57 er om ikkje personleg bestetid, så ei av hennar beste maraton-tider nokon gong. Hellesylt.info gratulerer så mykje.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380