Markerer jubileum på Generasjonstreff
Laurdag inviterer Hellesylt Ungdomslag til Generasjonstreff på Sunnylven samfunnshus. Her blir det også ei markering av at leikarringen i HUL er 30 år.
Laurdag 17. november blir det årlege generasjonstreffet til Hellesylt Ungdomslag halde på Sunnylven samfunnshus.
Leiar i HUL, Marianne Fivelstad håpar mange tek turen innom bygda si storstove og blir med på festen. Dit er alle foreldre, sysken, besteforeldre og andre slektningar velkomne. På treffet blir det servering av kaffi, kaker og saft, og det blir danseoppvisning av leikarringen. Og alt er gratis.
Festen er avslutning på ein ny, aktiv sesong for barneleikarringen i HUL. Ved fleire arrangement har dei unge dansarane gleda unge og eldre og fått velfortent applaus, sist under Sjokoladekappleik i Volda/Ørsta.
I år er det 30 år sidan Astrid R. Ringdal kom til Sunnylven og starta opp leikarringen i Ungdomslaget. Astrid vart ein aktiv medhjelpar og danseleiar i alle åra etter og stiller på ved høve framleis, seier Marianne Fivelstad. Ho fortel at under Generasjonstreffet blir det ei markering av leik og dans gjennom 30 år i HUL.