Nokre billettar igjen til Bygdakveld.

Ei fantastisk matvare slo tidlegare landbruks -og matminister Jon Georg Dale fast då han tidlegare i haust var innom Ole Ringdal AS og fekk sjå lagra av sau og lam. Laurdag er sau og lam menyen under «Det store i det litle».

Har du sikra deg billett til «Det store i det litle» laurdag? Framleis er der nokre ledige plassar igjen.

Som vi har fortalt tidlegare blir det både godt program og god servering når arrangøren inviterer til Bygdakveld på Sunnylven samfunnshus laurdag kveld og som dei har kalla «Det store i det litle». Ein kveld der lag og organisasjonar i Sunnylven med sine tillitsvalde står i fokus, men også med helsingar utanfrå. Og kveldens meny er årets beste vare henta heim frå høgfjellet og gjort klar til servering av profesjonell kokk. Så ikkje vent med å sikre deg billett til arrangementet, men bli med og vis di støtte til den friviljuge og viktige dugnaden i bygda.

Billettar kan ein kjøpe på Joker og Coop på Hellesylt. Pris 100.- kroner.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380