Notiser

Nye lurblåsarar i HUL

På kurs i lurblåsing, frå venstre; Sofie, Lone, Tonje, Venche og instruktør Thea. (Foto: HUL)

Hellesylt Ungdomslag har halde kurs i lurblåsing. Og onsdag 21. november blir det ny øvingstime, både for gamle og nye blåsarar.

-Vi har mange, heile femten stykke av desse lange, enkle instrumenta. Det er berre å møte opp onsdag 21. november og bli med på neste kurstime i lurblåsing, seier leiar i HUL, Marianne Fivelstad.

Denne veka var fyrste kurskveld med Thea Marie Ytterdal frå Eidsdal som instruktør. Der deltok fire, Sofie Støverstein, Lone Ringdal, Tonje Støverstein og Venche Ringdal.

–Å blåse på lur skal vere lettare om ein har spela eit korpsinstrument, seiest det, men eg trur det går an å lære det utan også. Så eg håper fleire kjem på neste øvingstime onsdag 21. november mellom kl. 16.30 og 17.30. No står det mange lurar ubrukte i eit skåp, men der har dei ingen misjon så kom igjen, seier Marianne Fivelstad som håper på mange nye lurblåsarar til neste øvingskurs med Thea Marie Ytterdal.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380