Peer Gynt galleriet opnar
Laurdag 24. november blir det underhaldningskveld på Peer Gynt galleriet på Hellesylt. Lokale aktørar syter for både kåseri og musikk.
Det blir historisk attersyn på kommunikasjon, turisme og fjordabåtar når Arne Ringdal grip mikrofonen for å kåsere om «Hellesylt tettstad og knytepunkt», eit bildekåseri heilt tilbake til 1860-åra og fram til tunnelopning på Ljøvegen i 1962. Også fleire historiske bilete vil bli vist, både frå offentlege arkiv og private.
-Kanskje kjem eg også litt inn på Henrik Ibsen som var innom Hellesylt i 1860-åra, og andre kjendisar som har besøkt bygda, seier Arne Ringdal.
Hellesylt har også «Fossedur», bygda sitt eige danseband. På Peer Gynt galleriet blir dei å høyre same kveld laurdag 24. november. «Fossedur» består av Olav Elling Gausdal vokal, gitar og mandolin, Knut Hanssen vokal og gitar, Bjarne Sjåstad vokal og bassgitar, Oddvar Gausdal trekkspel, og Jostein Ringdal slagverk.
-Vi svingar opp med både norsk, irsk og anna utanlandsk musikk etter kåseriet . Vi spelar i to bolkar, opplyser bandmedlem Olav Elling Gausdal. Han seier at musikken blir både til underhaldning, men også til å svinge seg til for den som har lyst til det.
Så då er det berre å planlegge for underhaldningskveld i Peer Gynt galleriet laurdag 24 november. Dørene opnar kl. 19.30, få med deg ei reise tilbake i tid, eller ta på danseskorne og la det svinge i lag med Per Gynt og dei andre kjenningane i galleriet.