Siste innspurt med skogrydding

Hellesylt Næringslag treng hjelp med å fullføre siste rest av den omsøkte utsiktsryddinga. Eit område nedfor Helgesvingen står att, opplyser leiar Øystein Ljøen.

Hellesylt Næringslag søkte og fekk godkjent søknad om utsiktsrydding på fleire stader ved og i nærleiken av Hellesylt sentrum. Frist for arbeidet var sett til ut 2018.  No står det igjen ein femdel av jobben, eit arbeid Ljøen håper å få gjort snarast råd. Det er gode arbeidsforhold i området ved Helgesvingen no, så alle som kan, lag, organisasjonar eller enkeltpersonar blir oppmoda om å leite fram motorsag og verneutstyr og stille på. Næringslaget tilbyr enkel servering til skogsarbeidarane.

-Det er viktig å få fullført utsiktsryddinga no når det er godt ver, og slik at vi ikkje mister deler av tilskotet, seier Øystein Ljøen. Virket som blir saga ned er til fri benyttelse av den som stiller på dugnaden.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380