Notiser

Storfjordkalendaren i sal

Framsidebilete på Storfjordkalendaren 2019 er eit avfotografert måleri frå Litlesætra i Åkneset.

Storfjordkalendaren 2019 er i sal, i nytt design, med flotte fargebilete frå mange fjordgardar, og med eit oversiktskart over utgjevar Storfjordens Venner sitt virkeområde.

Ein trufast bidragsytar til utgjeving av Storfjordkalendaren, Harald Kjølås gjekk bort like etter at kalendaren for 2018 var ferdig i fjor. I årets kalendar har Kjølås fått sin plass og gode ord av nestleiar i verneorganisasjonen Bjørn Steinar Skarbø.

Vi let oss imponere over mange flotte fargebilete denne gongen. Fotografane er fleire, mellom anna Frode Færøy, Jon Slyngstad og Asgeir Kvernberg. Også Den dyktige restauratøren Kåre Løvoll har eit «blinkskot» frå Litlesætra i Åkneset med eigar Leif Petter Åkernes i døropninga.

Her er mykje stoff frå fleire fjordgardar, Stokke, Timbjørgane og frå Syltaviklia for å nemne nokre. Også eit stort bilete med stadnamn i Storfjorden er å finne i kalendaren.

Framsidebiletet er eit avfotografert måleri frå Litle-sætra i Åkneset, måla av O. Dypvik. Der har Storfjordens Venner hatt sitt største restaureringsprosjekt i år og vil halde fram der også neste år.

Asgeir Kvernberg har vore redaktør og bidrege skrifteleg saman med Bjørn Steinar  Skarbø og spesielt Odd Normann Hoff. Storfjordkalendaren 2019 er i sal på Joker og Coop Marknad på Hellesylt, Stranda Bokhandel, Joker i Geiranger, og kan tingast på www.storfjordensvenner.no Kalendaren kostar 150.- kroner.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380