LokalnyttLokalsport

Unge fotballspelarar fekk sine trofé

Jenter 14 hadde bra mange spelarar, men rekrutterte frå mange klassetrinn lavare for å stille lag.

Sunnylven Fotball har hatt premiefest for Yngres avdeling. Søndag 11. november fekk rundt 60 spelarar på sju lag sine fotballtrofé for 2018.

I tur og orden entra spelarar på sju lag scena på Sunnylven samfunnshus for å motta personlege prisar frå fotballgruppa. Med på utdelinga som trenarar og oppmenn for laga stod for, følgde velfortent applaus frå ein godt besøkt premiefest.

Laga som vart premierte og som har spela mini-turneringar og serie var jenter 7 år, jenter 9 år, gutar 9 år, jenter 11 år, gutar 13 år, jenter 14 år, og gutar 16 år. Rundt 80 prosent av alle skuleelevar i Sunnylven har trena og spela fotball på Hellesylt stadion i år.

I tillegg stilte Sunnylven Fotball eit lag for menn senior i 7-ar, og har hatt spelarar i samarbeid med naboklubb Stranda på lag i damer senior og jenter 16 år.

Det var Gunn Elise Gjeldsvik som leia premiefesten. Ho gav ros til alle dei unge fotballtalenta for super innsats gjennom sesongen, mellom anna til G-13 laget. Til haustsesongen fekk Sunnylven gutar 16 år for få spelarar, men på dispensasjon fekk nokre av dei spele på gutar 13. Dette laget gjorde det svært så bra og med siger over Ørsta i siste kamp vart det 3. plass på tabellen.

På vegne av fotballgruppa takka Gunn Elise Gjeldsvik trenarar, oppmenn, banenemnd og kioskgruppe for samarbeid og god innsats gjennom sesongen. Ho retta også stor takk til alle sponsorar. -Det hjelper på økonomien med gode sponsorar når vi jobbar med så mange lag som vi gjer, sa Gjeldsvik.

Her er «restane» av gutar 16-laget, men som fekk spele på G13. Frå venstre Olai Sætreås Kristoffersen, Espen Ringdal, Even Lade. Espen fekk også sin debut på menn senior 7-ar og donka inn fleire mål.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380