Lokalnytt

Veidekke la nytt vegdekke

Her er asfaltleggjarane komne til Vollberget på Frøysa.

Onsdag vart det lagt 2.250 meter nytt asfaltdekke på FV 80 i Sunnylvsbygda på strekninga frå Frøsøye til nær Hole.

Tidlegare i haust vart det lagt nytt dekke i Nibbedalen, og planen var at asfaltarbeidet skulle halde fram i Sunnylvsbygda 26 oktober. Men grunna dårleg ver blei det utsett til onsdag 7. november, då kom go`veret tilbake med fleire varmegrader.

Asfalten kom med båt frå Spjelkavik til Hellesylt der fleire bilar tok unna. Arbeidet starta frå Hole og ut på ettermiddagen same dag var Veidekke asfalt og mannskapet i mål med jobben.

Asfalten blir produsert i Spjelkavik og kom med båt til Hellesylt cruisekai.

Det heile hadde gått som planlagt og utan større trafikale problem. Trafikkdirigeringa sytte mannskap frå Nortrax veg og trafikk for. Mats Halkjellsvik frå Gurskebotn og Elin Bortne frå Selje, busett i Ålesund hadde god dialog med trafikantane i kvar sin ende av asfaltstrekninga på FV 80. Folk frå firmaet blir leigde inn av Vegvesnet når det er bruk for trafikkdirigering. Og dei har stadig nye oppdrag, no også i Ålesundtunnelane, fortalde Mats Halkjellsvik.

Det vart ein lang dag med asfalteringa for alle, også for dei som dirigerte trafikken. Og kaffipausen, ja den vart berre når det høvde seg under vegs, fekk vi oss fortalt.

Mats Halkjellsvik jobbar i Nortrax veg og trafikk og blir leigd inn under mellom anna asfaltering.
Elin Bortne på Myrebrua styrde trafikken som skulle opp gjennom Bygda.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380