Lokalnytt

Vernepris til Lensmannsstova

Synnøve og Hans Hole med Verneprisen og blomar dei fekk frå Stranda Sogelag for restaureringsarbeidet dei har utført på Lensmannsstova.

Synnøve og Hans Hole i Sunnylven fekk Stranda Sogelag sin Vernepris for 2018. Prisen fekk dei for restaurering av Lensmannsstova, det eldste våningshuset på garden.

Det var i 2002 at Synnøve og Hans starta på arbeidet med å føre Lensmannsstova, det gamle våningshuset på garden tilbake til tidlegare storheits prakt. No er det meste gjort frå kjellar til loft, ja til og med skifertaket er fornya og lagt om. Berre litt måling utvendig og rydding på mørkeloftet står att, seier Hans.

I Lensmannsstova budde gamlelensmannen i Sunnylven, Knut Amundson Hole og familien. Den store huset var bygd i 1885 og var hovudhus på garden fram til 1978 då det kom nytt våningshus.
Valde å restaurere

Kva som skulle skje med det gamle var usikkert, men Synnøve og Hans valde å ta fatt på ei omfattande restaurering. No er det aller meste gjort og arbeidet har dei stort sett gjort sjølve, Det har blitt mange timar arbeid der Hans har svinga hammar og sag, og Synnøve har hatt jobben som målar og designar inne.

Det er brukt oljemåling og som rådgjevar i fargeval og påføring har dei hatt målarmeister Kjell Arne Årseth. Stover og andre rom i huset har fått dei same fargane som var frå fyrst av, seier Synnøve. Romma inne og mykje av dei gamle møblane er frå eldre år, berre kjøkkenet er nytt.


Frå Sommarkonsert i 2015,frå venstre Anne-Berit Skrivervik Sultani, Askjell Molvær, Gunnhild Sindre, Synnøve Hjellbakk Hole.

Mange konsertar

Etter at det meste vart ferdig restaurert har huset blitt nytta til feiring av åremåls –og andre høgtidsdagar, og konsertar. Den aller fyrste konserten vart halden  22. desember 2013 med Britt Pernille Frøholm, fiolin og Ingrid Tillung på trekkspel. Sidan har Britt Pernille vore innom huset fleire gonger, og det har også andre kjende musikarar vore, som sopranen Anne Berit Skrivervik Sultani, Jorun Marie Kvernberg, Gabriel Fliflet, Askjell Molvær, Gunnhild Sindre, Arve Sølvberg og sjølvsagt husvertinna Synnøve Hjellbakk Hole.

Kulturskuletilsette

Ny konsert er planlagt til laurdag 8. desember. Då blir det adventstonar formidla av tilsette i Stranda kulturskule, Evgenij Zhukov på fløyte og Stephanie på orgel og keyboard, fortel Synnøve som også då kanskje leitar fram hardingfela.

I sommar har Lensmannsstova vore utleigd og med godt belegg til Airbnb, og då garden har mange og eit variert husdyrhald er også barnehagar på besøk, fortel Synnøve og Hans Hole.

Alle vindauge i Lensmannsstova er skifta.

Stranda Sogelag sin Vernepris

Det var i 2015 at Stranda sogeklag vedtok å utdele ein Vernepris. I statuttane for utdeling av prisen står det m.a. slik:

  • Prisen er oppretta av Stranda Sogelag for å stimulere til og framheve tiltak for godt vern av bygg, miljø og handverkstradisjonar i kommunen.
  • Prisen kan tildelast huseigarar eller tiltakshavarar som har gjennomført eitt eller fleire av desse tiltaka i samsvar med formåla i pkt. 1, og kan berre tildelast ein huseigar eller tiltakshavar ein gong.

For 2018 kom det inn forslag på å tildele Verneprisen til Synnøve og Hans Hole for restaurering av Lensmannsstova, det gamle våningshuset. Forslaget vart behandla og styret vedtok samrøystes at Lensmannstova på alle måtar oppfylte dei kriterier som er sett og var ein verdig vinnar.

I 2016 vart den tildelt Berge Trevarefabrikk på Furset. I 2017 kom det ikkje inn forslag.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380