Adventskonsert i Lensmannsstova

Frå konsert i Lensmannsstova 20. oktober i fjor der folkemusikar Britt Pernille Frøholm frå Hornindal spela kjente slåttar.

Laurdag 8. desember blir det konsert i Lensmannsstova på Lillebø i Sunnylven. Lærarkrefter frå Stranda Kulturskule spelar adventstonar og vertskapet byd på sal av svele, kaffi og andre forfriskningar.

Adventskonserten i Lensmannsstova laurdag 8. desember går inn i rekka av musikalske arrangement med profesjonelle aktørar på sine instrument. Denne gongen er det lærarkrefter frå Stranda Kulturskule, Stephanie Roux og Evgenii Zhukov.

Evgenii Zhukov er fødd og oppvaksen i byen Astrakhan nær Det Kaspiske hav i Russland. Yrkesvalet vart musikk og jobben fann han i Stranda kulturskule. Etter jobbar både i orkester og teater heime i Russland og utdanning ved musikkonservatoriet i Tromsø hamna Evgenii som lærar i Stranda kulturskule i 2017.

Evgenii snakkar godt norsk og likar seg på Sunnmøre der han i tillegg til jobb i Stranda kulturskule med mellom anna pianoundervisning for elevar på Hellesylt, er dirigent for Stranda skulekorps og Valldal skulekorps, og er treblåsarlærar for elevar i Stordal.

Frå i haust vart Stephanie Roux tilsett i Kulturskulen. Stephanie er norsk med franske aner og underviser i song, på piano og andre tangentinstrument. Også Roux har studert musikk i Tromsø.

Laurdag 8. desember held dei to adventskonsert i Lensmannsstova på Lillebø, Evgenii på fløyte og Stephanie på orgel og keyboard.

-Det blir norsk og internasjonal julemusikk, men eg har bede dei om å leite fram også noteark med tilknyting til russisk jul, seier Synnøve Hjellbakk Hole, vertinne i Lensmannsstova og kollega med dei to. At ho finn fram eige instrument og bidreg under konserten er heller ikkje utenkeleg.

Det er påmelding til konserten, til Synnøve på mob. 909 51 185. Sjå og kalendar på www.hellesylt.info «Det skjer på Hellesylt».

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380