Lokalnytt

Adventsstund på Sunnylven omsorgssenter

Daglegstova på Sunnylven omsorgssenter blir nesten for lita når det blir invitert til fest, som under adventsstund laurdag.

På Sunnylven omsorgssenter var bebuarar og pårørande samla til adventsstund laurdag. Sunnylven sanitetslag sytte for serveringa.

Adventsstund saman med pensjonærane på Sunnylven omsorgssenter har blitt tradisjon i Sunnylven sanitetslag. I daglegstova var mange av bebuarane og pårørande til stades då Sunnylven skulekorps innleia stunda med kjende juletonar.

Leiar i sanitetslaget, Kari Hauso Stadheim ønska alle vel møtt. Om det ikkje akkurat var julestemning med snø, men heller meir vårleg ute var det like fullt fyrste helg i advent og tradisjonell adventssamling med skulekorpset til stades. Det var hyggeleg, sa ho. Leiar i styret for korpset, Anita Langeland bemerka at korpset har få musikantar no, men styret var stolt av musikantane og ho tykte det var kjempekjekt at korpset fekk kome på omsorgssenteret å spele.

Det kunne leiaren hevde med rette, for Deilig er jorden, No tennes tusen julelys og Glade jul tona vakker frå dei unge musikantane som sjølvsagt fekk applaus for å ha kveikt julestemninga nok eit år. Så vart det fyrste lilla adventslyset tent før sanitetsdamer og andre av dei tilsette bar inn god servering, smørbrød, blautkake, kaffi og saft.

Frå sanitetslaget fekk skulekorpset ei lita førjulsgåve, og til omsorgssenteret vart det overrekt juleblomster til kvar av etasjane.

Sunnylven skulekorps har hatt stor utskifting av musikantar så no er det igjen åtte, ni. Men spele kan dei! Oddbjørg Stadheim t.v. leia korpset laurdag.
Damer frå Sunnylven sanitetslag diska opp med kaker og fristande smørbrød under adventsstunda. Frå venstre Ruth Hole Aaland, Britt Hellesylt Hauge, Hilde Langlo Brekke, Kari Hauso Stadheim.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380