Lokalnytt

Betaler ut 108.000.- frå utsiktsrydding

Langs Korsbrekkeelva vart det rydda mykje med ei skogsmaskin. Her eit rydda område nær Fløtehølen.

Utsiktsrydding i nærområdet til Hellesylt som Hellesylt Næringslag tok initiativet til er ikkje heilt fullført. Men no har laget fått utbetalt 75 % av tilskotet og fordelt pengar for arbeidet.

Det er snart gått to år sidan Hellesylt Næringslag søkte og fekk tildelt 240.000.- kroner til utsiktsrydding av fleire områder i nærleiken av Hellesylt sentrum. Framleis er ikkje alt rydda ferdig, men laget har fått utbetalt 75 % av innvilga tilskot, opplyser leiar i Hellesylt Næringslag Øystein Ljøen.

Laget har gjort ei fordeling av pengane mellom lag som har hatt personar i arbeid. Etter at leigd hjelp og andre driftsutgifter er betalt har fem lag/tiltak fått desse beløpa;

Sunnylven IL, Hyttehola kr. 42.000.-

Sunnylven IL, hovudstyret kr. 5.000.-

Sunnylven Jakt og Fiskelag kr. 19.000.-

Sunnylven skulekorps kr. 27.000.-

Hellesylt Næringslag kr. 15.000.-

Med kviste/ryddemaskin vart det teke ut mykje trevirke langs Korsbrekkeelva. Dette er no oppflisa og kjøpar i Stryn er avtakar av ca. 40 kubikkmeter masse. Oppgjøret for dette blir også til fordeling mellom alle som har delteke på utsiktsrydding, seier Øystein Ljøen. Han håpar at siste del av ryddejobben kan bli ferdig i romjula, så dei som har tid og lyst og vil støtte laget sitt med eit beløp må gjerne melde seg, seier han. Frist for arbeidet er 31. desember 2018.

På vegne av Hellesylt Næringslag rettar Ljøen stor takk for velvilje og hjelp til alle som har delteke på utsiktsrydding. Det har vore bratt og krevjande å utføre arbeidet mange plassar, men det har gått bra og utan uhell, seier han.. Så stor takk til alle som har stilt på, avsluttar Øystein Ljøen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380