Fakkeltog på nyttårsaftan

(Foto: Facebook, Sunnylven kyrkje.)

Nyårskvelden inviterar Sunnylven soknerådet til samling i Sunnylven kyrkje. Det blir song, opplesing av tekstar og refleksjonar kring lys og håp.

-Vi møtast i kyrkja fylt av lys og håp. Saman skal vi reflektere over det som har vore og det vi håpar skal bli i det nye året, skriv Sunnylven sokneråd. Opptakten til samlinga er Fakkeltoget frå Samfunnshuset kl. 20.30. Fakkeltoget går til omsorgssenteret, gjennom vår vakre «landsby» og til samling i kyrkja kl. 21.00.

Her får frammøtte høyre Gunnhild Overvoll og Kristin Storstein i vakkert song og musikk, og Inghild Storstein, Astrid R Ringdal og Ingebjørg S Fivelstad bidreg med tekstar til ettertanke. Ann Kristin Langeland leier samlinga og gjev nokre refleksjonar under overskrifta: Lyset du treng finst.

Ta med faklar og delta på denne fine tradisjonen.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380