Lokalnytt

Får GodtVern prisen 2018

Representantar frå Storfjordens Venner og restauratørsnikkar framfor eit restaurert stovehus på Kurlå i 2017, frå venstre Odd Normann Hoff, Kåre Løvoll, Kjell Løseth

Det nyrestaurerte våningshuset på husmannsplassen Kurlå nær Åsneset ved Sunnylvsfjorden får GodtVern-prisen 2018. Det er Sunnmørsposten og Fortidsminneforeningen Sunnmøre lokallag som i fellesskap kårar og deler ut prisen.

Stovehuset på den vesle buplassen Kurlå er restaurert av Storfjordens Venner, eit arbeid som vart feira ferdig hausten 2017. Stovehuset på buplassen var til nedfalls og området kring grodde igjen av skog og kjerr då Storfjordens Venner i 2015 starta arbeidet og elevar ved Sunnylven skule stilte på i ryddearbeidet gjennom ei prosjektoppgåve «Rydd eit kulturminne». Dei rydda i tillegg også ein buplass i Bergane. No har vedlikehaldet av Kurlå blitt tildet GodtVern-prisen for 2018.

Elevar frå Sunnylven skule hjelpte med ryddinga i mai 2015.

Overrekkinga av prisen som er ein plakett og ei teikning av Kurlå vil finne stad fredag 14. desember på gamle Sunnylven skule i sentrum av Hellesylt.

I statuttane for tildeling av prisen heiter det at formålet er å stimulere til å ivareta antikvariske bygg og arkitektonisk miljø på Sunnmøre. Prisen blir delt ut kvart år til private eller forvaltarar for godt vern av verdifulle bygg av antikvarisk opprinnelse og arkitektonisk verdi.

Jurymedlemar har vore Sylvia Baier Evensen, Peder Alme, Terje Bratholm Eidsvik og Toril Moltubakk.

 

Vi tek med uttalen og grunngjevinga frå juryen for at Kurlå fekk GodtVern-prisen for 2018.

Kurlå var ein av fleire husmannsplassar under garden Åsen, og huset er truleg det siste våningshuset som står att av husmannsplassane langs Storfjorden. I våningshuset budde både folk og dyr fram til fråflyttinga tidleg på 1900-talet, og lite var blitt gjort på huset før ei omfattande restaurering i åra 2015-17.

 Juryen legg merke til eit godt utført restaureringsarbeid på eit svært skada objekt. Restaureringa er vernefagleg utført, og ein har følgt antikvariske prinsipp. Det er nytta tradisjonelle arbeidsteknikkar og riktige materiale, og ein har reparert det som har vore naudsynt for å komplettere original bygningsmasse.

Juryen merkar det som særs positivt at gammal konstruksjon får leve vidare ilag med nye restaureringar, og at det opphavelege byggverket fortsatt dominerer. Kurlå er ei levd bygning, og det er fint å sjå spelet mellom det gamle og det nye. Huset framstår i dag som heilskapleg.

Sunnylven skule på Hellesylt har vore aktive med å rydde Kurlå, og delar av området, før restaureringa av våningshuset tok til. Det er ca. 30 minutt gange ifrå skulen til Kurlå, og skulen rydda rås i området som no er del av ein STIKK UT- tur.

Skulen rydda også ruinen av ein annan husmannsplass i nærleiken. Dette arbeidet gjorde skulen som ein RYDD EIT KULTURMINNE- aksjon med stønad ifrå Norsk Kulturarv. Skulen har no nøkkel til huset og nyttar det til undervising. Juryen set stor pris på denne utvida bruken av Kurlå som kulturminne.

 

Juryen, Godt vern- prisen 2018

Innvendig i det nyrestaurerte stovehuset.

(Alle foto frå arkivet 2015 og 2017)

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380