LokalsportNotiser

Fjerde plass på Sjusjøen

Langrennsløparen Kristine Hjellbakk Hole var nær pallen då ho sesongdebuterte på Natrudstilen, Sjusjøen laurdag. Det vart ein sterk fjerde plass i K17 år.

Kristine Hjellbakk Hole frå Sunnylven IL går ved NTG-Langrenn på Lillehammer. Laurdag var det renn på Sjusjøen der fleire av komande langrennsstjerner stilte til start. Kristine var 49.7 sek. bak vinnaren Vilde Opedal, Njård, men sluttida på 17.04 hadde halde til plass høgt på lista både i klassa over og i junior. Rennet gjekk i fristil.

Også fleire løparar frå Stordal IL deltok i rennet. Live Johanne Vestre Røkke vart nr. 8. i K18, Vilde Lorgen Øvrebust kom på 18. plass i K 19/20, og Martine Lorgen Øvrebust vann kvinner senior.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380