GodtVern-pris og bløtkake fredag

Utdelinga av GodtVern-prisen for restaureringa av stovehuset på Kurlå ved Sunnylvsfjorden blir feira med bløtkake fredag 14. desember.
Når Sunnmørsposten og Fortidsminneforeninga kjem til Hellesylt fredag for å dele ut GodtVern-prisen for restaurering av Kurlå blir det feiring med bløtkake, litt historikk og bildekavalkade frå arbeidet, fortel leiar i styret for Storfjordens Venner Kjell Løseth.
Pristildelinga skjer på same dag som «Lys i gamle hus»-aksjonen blir markert. Overrekkinga og markeringa av prisen vart lagt til den gamle skulestova på Hellesylt, også det eit hus som er i bruk etter mykje påkosta og vedlikehald dei siste åra. Råsa til Kurlå kan vere vanskeleg denne årstida grunna snø og is.
Til markeringa som blir fredag 14. desember klokka 13.00 kjem restauratørsnikkarane Kåre Løvoll og Harald Aarset, kanskje også slektningar frå eigaren, og ca. 20 elevar frå Sunnylven skule, fortel Løseth. Skulen tok del i skogrydding på Kurlå frå starten av i 2015 og har fått nøkkel til huset for bruk i undervisninga.
GodtVern-prisen er ein plakett og ei teikning av bygninga.
