Har halde skyteskule for damer

Skyttarar og instruktørar samla. Framme frå venstre; Andrea Sundgot, Anne Lise Lødøen Helset, Berit T. Hole, Lillian Aasheim, Erna Fjellseth Hellebostad. Bak f.v: Ola Vangen, Birthe Lødøen Helset, Georgina Bevin, Karolin Parthe, Borghild Sporstøl, Hanne Kvamme, Oddmund Fivelstad.

I haust har Sunnylven skyttarlag halde skyteskule med deltaking av ti damer. Dei nye skarpskyttarane har fått instruksjon i grunnlegjande ferdigheiter og prøvd seg mot blink med geværet.

Etter ønskje frå fleire starta Sunnylven skyttarlag opp med skyteskule for damer på miniatyrbana i klubbhuset på Hellesylt stadion. I alt ti damer, nokre med erfaring frå jakt og skyting frå tidlegare og andre som ville lære seg skytesporten melde seg på. Til deltakarane ordna skyttarlaget med utstyr, ammunisjon og skivemateriell.

Erfarne instruktørar

Heile kurset har gått over fem kveldar frå tidleg i oktober og fram til måndag 3. desember som var avslutningskveld og oppsummering av kurset. Instruktørar har vore leiar i skyttarlaget, Ola Vangen og Oddmund Fivelstad, begge gode konkurranseskyttarar med lang erfaring frå sporten.

-Vi har delt opp kurset i ulike tema. Fyrst var det sikkerheit og reglar, og neste kurskveld var det fokus på sikting. Deretter har det vore læring i god, liggande stilling, avtrekk og pusteteknikk, og til sist oppsummering. Vi har i grunn brukt same mal for kurset i år som vi brukte i fjor då vi arrangerte skyteskule for born, seier Ola Vangen. Han synest det har vore eit godt kurs også denne gongen og rosar damene.

Ønskjer nye velkomne

-Dei har vist talent og treft blink under skytinga. Det kan bli både dyktige jegerar og gode konkurranseskyttarar om dei held fram å øve. Sunnylven skyttarlag har fleire gode damer som konkurrerer og har gjort det godt på stemne, men vi vil gjerne ha med fleire. Det er alltid kjekt når det kjem nye til, seier Ola Vangen og legg til. –Skulle det vere fleire som har lyst til å prøve skytesporten er det berre å gje beskjed så arrangerer vi gjerne fleire slike kurs.

Bedriftscupen

Sunnylven skyttarlag er aktiv også med andre arrangement. Snart smell det i bedriftscupen, miniatyrskyting for lag på bana i klubbhuset ved Hellesylt stadion. Bedriftscupen er fire skytingar på like mange kveldar og startar i slutten av januar 2019. Det er sendt ut innbyding, men skulle det vere eit tremanns-lag som ønskjer å delta som ikkje har fått innbyding kan ein ta kontakt med Ola Vangen på e-post olavangen96@gmail.com, eller mob. 944 35 850.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380