LokalnyttLokalsport

Har plassert «StikkUT! ski»-post i lysløypa

Denne veka kom StikkUT! ski på plass i lysløypa i Hyttehola. Hans Hole var ein av dei fyrste som registrerte seg i trimboka. (Foto: Gisle Aaland)

I skianlegget i Hyttehola er «StikkUT! ski» på plass, ein familievenleg trimpost i enden av lysløypa retning Røyrhus.

Nord for Moldefjorden har trimpostar for «StikkUT! ski» vore utplassert fleire vintrar. Etter oppfordring frå Skikretsen bestemte skigruppa seg på møte nyleg for å plassere ein post også i Sunnylven IL sitt område.

Hans Hole fortel at dei valde å legge den fyrste «StikkUT! ski»-posten til lysløypa i Hyttehola. Det var diskutert både appelsinhaugen i Terdalen og andre stader, men dei landa i fyrste omgang på ein litt kort og familievenleg tur og då vart det lysløypa, seier Hole.

Han fortel at posten ligg sentralt, med andre ord, nær fylkesveg og med stor parkeringsplass ved start. I Hyttehola blir løypene køyrde opp stadig så han håper at når posten blir kjent vil kan hende også reisande stoppe på for å ta seg ein «StikkUT! ski»-tur. I Hyttehola er forholda heilt fantastiske no med rikeleg med snø og flotte spor, seier Hans Hole som oppfordrar alle til å ta seg ein skitur og bruke det flotte skianlegget.

Skituren startar ved parkeringsplassen i Hyttehola, der står eit «StikkUT! ski» -skilt. Der i frå er det ned bakken til høgre for garasjen til eit nytt skilt ved lysløypa. Turen går så i retning Røyrhus til enden av lysløypa og nytt skilt. Noter i boka i trimkassa og husk koden som står under loket på trimkassa for registrering på nett. Heile turen er ca. 3.3 km.

Sunnylven IL investerer no i GPS til trakkemaskina. Når dette kjem i orden kan alle gå inn på www.skispor.no og følgje med på kvar og når løypene blir køyrde opp.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380