Heider frå Ole Ringdal AS og Norges Vel

Jo Endre Frøysadal har fanget fullt av heidersutmerkingar og blomster. Til venstre disponent Kristen Ringdal og til høgre dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal.

Under juleavslutning for dei tilsette ved Ole Ringdal AS fekk Jo Endre Frøysadal Norges Vel`s medalje med diplom og bedrifta sitt gullur for 30 år i lang og tru teneste.

Disponent Kristen Ringdal overrekte utmerkinga og ein bukett blomster til Jo Endre Frøysadal. –Du har jobba stort sett over alt i bedrifta og har vore ein trufast tilsett i alle år, sa Ringdal mellom anna. Mest kvart år får ansatte utmerkingar for mange år i jobb ved hjørnesteinsbedrifta på Hellesylt. Jo Endre Frøysadal var den 22. tilsette ved Ole Ringdal AS som vart heidra med gullklokke og Norges Vel`s medalje med diplom.

Sette pris på tildelinga

Hellesylt.info fekk ein liten prat med heiderspersonen. Han fortalde at han kom rett frå ferdig ungdomsskule til jobb ved Ole Ringdal AS. Dei fyrste åra var han tilsett i produksjonen, og seinare vart det nær 25 år som kjøtskjerar. I kortare periodar har Frøysadal også vore innom slakteriavdelinga, og som ullsorterar før dei engelske saueklipparane hadde med eigne folk til den jobben. I det siste har han jobba innan spekemat, produkt som sel godt.

Jo Endre Frøysadal driv gard på Tronstad med sau og storfe der han har god hjelp av foreldra, seier han. Men mykje må han også ordne med sjølv, det vere seg ting som kjem brått på som sjukdom eller kalving i fjøset. Han rosar leiinga ved Ole Ringdal AS for at det blir lagt til rette slik at både han og andre som driv husdyrbruk kan skjøtte begge jobbane, det er han svært takksam for.

Takksam og glad var han også for den heider han vart seg tildelt under juleavslutninga, det sette han stor, stor pris på, sa Jo Endre Frøysadal.

Bygde for 55 mill. kroner

Det var fullt av tilsette i kantina ved Ole Ringdal AS då bedrifta inviterte til juleavslutning onsdag. Fullt var det også på lunsjbordet der det bugna av mykje godt frå produksjonen. Og sjølv om bedrifta nesten er tom for julemat vart det heile tida fylt opp etter som det minka på fata. Sjølv om julematen er selt treng ingen frykte matkrise, kjøttvarebedrifta har nok av andre gode produkt, sa dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal.

Godt sal

I si helsing til dei tilsette kom han inn på året som har gått. Det hadde vore eit spanande og hektisk år med ei stor utbygging til 55 mill. kroner som var i hamn. Dei nye lokala ser ut til å fungere godt og har gjort at produksjonen har auka, sa Ringdal.

Han la ikkje skjul på at utbygginga hadde kosta og tært på likviditeten. Men no var han optimist, salet i haust hadde gått svært bra så nye investeringar var på gang. Ein eldre Peugeot varebilen var utsliten så no skulle det kjøpast to nye med kjøling.

For komande år signaliserte Ole Arnstein Ringdal ein reduksjon i varespekteret. Bedrifta har 600 ulike varegrupper og rundt 30 – 40 av dei som berre sel ein sjeldan gong vil gå ut.

Auka omsetning

Sjølv om alle tal ikkje er klare blir det omsetningsauke med 13.0 mill kroner i 2018. Totalt vil bedrifta kome ut på 152.0 mill kroner, sa disponent Kristen Ringdal. Det har vore ein liten auke i tilførslene av sau og lam, og ein liten nedgang i slakting av storfe.

Det vart stor julelunsj på dei tilsette ved Ole Ringdal AS onsdag. Dagleg leiar Ole Arnstein Ringdal helsa og orienterte litt om drifta.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380